G99 - Lerum cup 2012

G99 – Bronse i Lerum cup

Lerum cup 2012

 

G99 -Lerum cup Foto: © Karsten OenGutane var blitt for store for Voss cup og sidan me alt hadde bestemt oss for Dana cup var me på jakt etter ein cup tidleg på sommaren. Då var det naturleg å melde seg på Lerum cup i Sogndal.

Torsdag 28,6 kl 17:15 var det avreise for 16 spente fotballspelarar og eindel vaksne. Ca kl 21 ankom me Sogndal og Fosshaugane Campus. Strevde litt med å finne fram til innsjekking og overnatting pga sparsom skilting. Etter å ha fordelt deltakarkort bar det rett i matsalen for litt kvelds-/nattmat. Sånn cirka i 01:00 tida var det ganske stille på sovesal 219….

Første kamp mot Bjarg 1 starta litt nervøst (eller var me litt søvnige?), men etterkvart fekk me taket på dei og vant 1-3. ME VAR I GANG!

Alle kampane føregjekk på naturgrasbanar på Hafslo denne dagen. Litt skiftande vær med lette regnbyger innimellom.  Neste kamp var mot Askøy 1. Etter kjempegod laginnsats snudde med 1-0 til 1-2. Dette såg bra ut. Så var det Austevoll som stod for tur. Frå sidelinja såg det ut som om me hadde kontroll, men etter at me hadde brent eit par 100% sjansar, fekk Austevoll inn eit mål og fekk lov å ta meir styring i kampen. Det enda med 0-2 tap og ein litt skuffa gjeng. Me var jo minst like gode som dei….

Fredag kveld hadde me billettar til tippeligakampen mellom Sogndal og Fredrikstad. Dei fleste heldt med Sogndal og måtte sjå at heimelaget tapte 1-3 i ein heller kjedeleg kamp. Den kvelden kubba me før klokka var 24.

Lørdag morgon spelte me siste kamp i den innledande serien. Sotra 2 vart knust 11-0 og me vart derfor nummer to i pulja og var klare for A-sluttspel. Denne dagen var alle kampane på Kaupanger og me reiste difor tilbake til skulen mellom kvar kamp. Då fekk me tid til eit lite bad og det gjorde nok godt før 8.dels finalen mot Nordhordland.  Ein skikkeleg nervetrillar, der både spelarar (gult kort…) og lagledar/foreldre var varme i trøya. Simens stolpe og inn berga likevel 1-0 seier og me var klare for kvartfinale! Den gjekk mot Ørsta – nokre svære slampar frå Sunnmøre. Det såg først ut til å bli ein jevn kamp, men eit par fantastiske frispark frå Ulrik vippa dei heilt av pinnen og me vant komfortabelt 4-0. Altså måtte me bli over til søndag og semifinale. Om kvelden fekk gutan ”fri” får oss vaksne og skulle vera tilbake på rommet/i seng til 23:30. Det vart litt snoping og trampoline i sentrum, kanskje nokon var innom diskoteket, men klokka 23 var alle på plass på rommet. FOR EIN FLOTT GJENG!

Semifinalen gjekk mot Gneist Brasil, eit lag S/K har både slått og tapt mot tidlegare. Det vart ein jevn og spennande kamp der me leda 1-0 heilt til det var igjen 16 sekund av kampen. Då stange Gneist Brasil inn eit mål etter å ha pressa oss siste 5 minuttane. Dermed vant dei 2-1 på corner. Skikkeleg irriterande. Men me måtte berre riste det av oss og etter litt pep-talk frå Svein Atle var me klar for bronsefinale (og revansj) mot Austevoll. No ville me vinna og etter første omgang leda me 2-0. Så fekk dei eit tidleg mål i andre omgang og igjen vart det neglebiting på sidelinja. Trenar Hauso spurte om klokka ca kvart 10 sekund! Jubelen var stor då sluttsignale runga over stadion. Gutane kunne innkassere kvar sin iskald Battery, diplom, bronsemedalje og flott lagpremie som nummer 3 av nesten 40 lag!! IMPONERANDE!

Takk for ei super langhelg i lag med veldig flinke og kjekke gutar og flinke (og kjekke) trenarar og foreldre. Dette var ein skikkeleg opptur før Dana-Cup.